Gå til hovudinnhald.

Datahjelp på Costa Blanca

Costa Blanca Data er ein frittståande og uavhengig datakonsulent. Vi tilbyr mange tenester og produkt for å gjera PC-bruken din lettare og betre. Vi kan vera det einaste kontaktpunktet du treng for hjelp og assistanse.

På-staden-service gjer at du berre kan plukka opp telefonen - så rykkjer vi ut. Med utgangspunkt i Altea betjener vi kysten både nord- og sørover.

Nytt:

todo-agua.com

2006-11-21

Costa Blanca Data har levert hjemmesiden www.todo-agua.com på oppdrag fra Breusch & Magnussen SL. Siden er et ledd i markedsføringen av deres satsning på vannbehandlingsprodukter i Spania

Andre sider fra Costa Blanca Data:
www.costamotos.com

Program

Skal du utnytta PCen din optimalt må du nytta dei rette programma.

Vi hjelper deg gjerne med å finna fram i jungelen av tilbod. Både Linux- og Windows-baserte applikasjonar er tilgjengelege med høg kvalitet - ofte er dei beste gratis òg.

Utstyr

Vi hjelper til slik at du får dei løsyingane du treng - no og framover.

Anten det er tale om PCar, skrivarar, ruterar eller anna kan vi vera ein støttespelar. Vi er ikkje forhandlar, men hjelper deg til å finne det som høver for deg. Vi har godt samarbeid med fleire leverandørar i L'Alfàs del Pi.

Internettilgang

Vi hjelper deg med å få deg på internett. Vel mellom oppringt samband (modem) eller fast linje (xDSL). I desse dagar er det blitt fleire alternativ til dei vanlege leverandørane.

I samarbeid finner vi fram til den beste løysinga for deg.

Heimesider

Det er blitt viktigare etter kvart å vera til stades på Internett. Anten du har eit produkt eller ei teneste du vil presentera eller berre visa fram dei siste bileta til familien heime.

Vi hjelper deg til å laga eller gjera om at heimesida di. Vi legg vekt på fleksibelt design som gjer sidene lette å vedlikehalda og tilgjengelege for alle uansett plattform og nettlesar.